Du finn lenke til ulike søknads- og rapporteringsskjema i høgremenyen på denne sida.
Rettleiing til utfylling finns på sjølve skjema.
For ulike former for lotteri gjeld følgjande:
Basar: Den enklaste form for lotteri er basar. Basar skal ikkje meldast til Lotteritilsynet.
Her treng du ikkje skjema.
Smålotteri: Dette er lotteri med omsetning under 150.000 kroner. Slike lotteri treng ikkje løyve, men Lotteritilsynet må ha melding minst 14 dager før loddsalget startar. Det er ikkje høve til å bruke pengepremiar i denne typen lotteri, jmf lov om lotterier § 9.
Finn meir informasjon ved å bruke lenka 'Smålotteri' til høgre.
Lotteri over 150' kr: Lotteriverdige organisasjonar kan søke om å ha førehandstrekte og etterhandstrekte lotteri der loddsalsgrensa ikkje kan vere over 100 mill. kr.
Last ned søknadsskjema under lenka 'Lotteri' til høgre.
Foreiningsbingo (inkl. radio/TV-bingo): I foreiningsbingo kan det enkelte lag få løyve til å omsetje for inntil kr 700.000 på hovudspelet. Gebyr pr. hovudspelløyve er kr 1250.-
Last ned søknadsskjema under lenka 'Foreningsbingo' til høgre.
Bingo med entreprenør: Det kan søkjast om løyve til bingospel med entreprenør. Dette betyr at det er ein profesjonell aktør som arrangerer bingoen på vegne av eitt eller fleire lag.
Last ned søknadskjema for bingo under lenka 'Entreprenørbingo' til høgre.
Du finn meir informasjon i brosjyra: 'Hvordan går vi fram?' ( februar 2009 )
Alle søknader / meldingar om lotteri skal sendast til:
Lotteritilsynet, Postboks 800, N-6805 Førde
Ved spørsmål, ta kontakt:
telf: 57 82 80 00, fax: 57 82 80 80 eller E-post: postmottak@lottstift.no