Hugs krav om registrering i frivillighetsregisteret og revisorrapport innan 15. september.
Publisert: 07.09.2010
Fristen for å søke om momskompensasjon gjekk ut 1. september. Alle søkarar må vere registrert i Frivillighetsregisteret innan 15. september.
Tilskot 2010 - status pr. 24 august
Publisert: 24.08.2010
Lotteritilsynet har motteke 383 søknader om tilskot frå Norsk Tippings speleoverskot. Søknadsfristen var 1. juni. Samla søknadsbeløp er 50,2 millionar kroner. Lotteritilsynet tek sikte på å sende ut brev om førebels tildeling innan utgangen av veke 37. Utbetaling vil skje i løpet av fjerde kvartal.
Betalingsproblem i utlandet?
Publisert: 22.07.2010
Ei rekkje medieoppslag 20. - 21. juli i år, tyder på at fleire nordmenn har fått problem med sine betalingskort i svenske ”spelekioskar”, sjølv om dei berre ville handle heilt andre varer. Tidlegare i sommar er det også rapportert om vanskar med å få betalt og bestilt hotellopphald i Las Vegas med norske betalingskort, i dei tilfelle der hotell og kasinodrift er integrert.