Dette skuldast at norske bankar og finansieringsinstitusjonar frå 1. juni i år, er pålagde å stanse betalingstransaksjonar frå nordmenn til verksemder i utlandet som er registrert som pengespelverksemd. Forbodet rammar betaling med norske betalingskort der den vesentlege delen av verksemda til mottakaren er pengespel.
Bakgrunnen for at denne regelen vart innført, er ynskje om å verne personar som står i fare for å utvikle alvorlege problem med pengespel, redusere overdreve pengespel, særleg over internet, redusere faren for svindel og kvitvasking av pengar, i tillegg til å kanalisere spel over til kontrollerte speleformer.
Det beste tipset for å unngå problem i Sverige, vil vere skaffe seg litt lokal valuta gjennom uttak i minibank.
Dersom du planlegg å reise til utlandet, og særleg dersom du skal overnatte på hotell i tilknytning til eit kasino, kan det vere lurt å ta kontakt med banken din før du reiser, betale opphaldet på førehand over nettbank eller eventuelt bestille hotell gjennom eit norsk reisebyrå. Minibankar som står i nærleiken av hotellet vil ikkje ha koden for pengespel.
Kva gjer Lotteritilsynet ?
Vår oppgåve er først og fremst å sjå til at bankar og finansieringsinstitusjonar følgjer det nye regelverket. Vi vil sjølvsagt registrere uheldige og/eller utilsikta følgjer av den nye forskrifta, og rapportere dette til Kulturdepartementet. Lotteritilsynet vil, mot slutten av 2010, gjennomføre ei undersøkjing for å kartleggje effekten av forskrifta.
Vi tek sjølvsagt imot erfaringar og synspunkt knytt til forbodet mot betalingsformidling, desse kan sendast til: postmottak@lottstift.no
Følg denne lenka for meir informasjon om forbodet mot betalingsformidling.