Mange slags pyramidar.
Pyramidestrukturen er felles både for pyramidespel og Multi Level Marketing-verksemd. Ved MLM-verksemd er pyramidestrukturen fundamentet for arrangementet, men er i seg sjølv ikkje årsak til innteninga.
Pyramideeffekten oppstår når inntekta blir kopla til vervinga, slik at selskapet/deltakaren si inntekt stammar direkte eller indirekte frå vederlaget for å delta. Inntekta er såleis avhengig av stadig vekst av nye deltakarar på lågare nivå.
Typiske variantar i dag er selskap som sel informasjon/kurs, forbruksvarer og/eller marknadsføringsprodukt. Dette er ofte kombinert med bonussystem der deltakaren er avhengig av å kjøpe seg oppgraderingar i selskapet, og inntekta kjem frå å selje desse vidare til andre medlemmer på lågare nivå. Oppgraderingspakkane inneheld ofte produkt, men er overprisa når ein ser på innhaldet.
Dersom du blir lova stor inntening på det dei personane du vervar tener i fleire nivå under deg, vil det vere eit klart teikn på ein pyramide. Her går pengane i ein spiral oppover i systemet og det er dei som sit øvst som først og fremst tener på det.
Det fins mange ulike selskap som sel ulike produkt og har ulik oppbygging. Dette bidreg til at det er særs ressurskrevjande å undersøke verksemder opp mot pyramideregelen i lotterilova § 16. Som regel er dette aktivitetar som er internettbaserte, og der det ikkje er norskregistrerte selskap som står som eigar. Ofte er det vanskeleg å finne ut kven som er ansvarleg og står bak aktivitetane, og det kan såleis vere tidkrevjande å få fakta på det reine. Dette, saman med stor saksmengde elles, gjer at Lotteritilsynet ikkje kan gå inn å vurdere kvart enkelt selskap.
Kan vere ulovleg.
Lotteritilsynet skal føre kontroll med at reglar som er gitt i, eller i medhald av lotterilova, blir følgde, jf lotterilova § 4. Lotterilova § 16, første ledd slår fast at det er ”forbudt å opprette, drive, delta i eller utbre pyramidespill eller lignende system. Som omfattet av forbudet regnes ethvert system der det ytes vederlag for å få mulighet til å oppnå inntekter som bare følger av at andre verves til systemet”.
Vidare følgjer det av § 16 andre ledd at ”forbudet i første ledd også omfatter pyramidelignende omsetningssystem der det ytes vederlag for å få mulighet til å oppnå inntekter som særlig skyldes at andre verves til systemet, og ikke salg eller forbruk av varer, tjenester eller andre ytelser”.
Reglane er meint å klargjere skilnaden mellom lovleg nettverkshandel og dei ulovlege, pyramideliknande formene for sal. I korte trekk vil direktesalskonsept der over halvparten av inntektene kjem frå medlemsavgift og liknande, bli råka av lova. Med andre ord, for at det ikkje skal dreie seg om et pyramidespel eller pyramideliknande omsetnadssystem, er det eit krav at det blir omsett reelle varer eller tenester, og at omsetnaden av desse må utgjere minst 50 %, jf lotteriloven § 16. Dette gjeld både i forhold til selskapet og i forhold til det enkelte medlem.
Tenk deg om!
Alle som ønskjer å gå inn i pyramideliknande aktivitetar, nettverkssal og liknande, må difor sjølve ta ansvar for å vurdere risikoen.
Som ei hjelp til dette har vi laga ei liste med spørsmål som du bør stille deg sjølv før du eventuelt vel å delta i slike aktivitetar.
Pengar ynglar ikkje av seg sjølv. Om nokon på toppen tener mykje kan det skuldast at mange lenger nede i systemet tapar pengar. Dersom inntekta di er avhengig av at du og dei du har verva heile tida vervar nye medlem eller får eksisterande medlemer til å oppgradere sine medlemsskap, vil verksemda ikkje kunne overleve på lang sikt.
Les også åtvaringa frå Forbrukarrådet.