Lotteritilsynet åtvarar mot useriøse lotteri og svindelforsøk generelt
Lotteritilsynet har den siste tida hatt kontakt med fleire nordmenn som har fått e-post eller brev med melding om at dei har vunne store beløp i utanlandske lotteri. Dette er rein svindel.
Den auka aktiviteten kan tyde på at vi igjen får ei bølgje med denne typen svindelforsøk. Desse forsøka på bedrageri kjem frå selskap i utlandet, ofte frå Nederland og Spania, og er ei vidareutvikling av dei såkalla 'Nigeriabreva'. Personane som står bak desse selskapa kan ha ulike motiv med denne verksemda, som til dømes:
- dei er berre ute etter å lure pengar frå folk ved at ein må betale såkalla 'gebyr/avgifter/transaksjonskostnader' før ein kan få overført 'gevinsten'
- dei ber om opplysningar som t.d. namn, fødselsnummer, adresse, kort- og kontonummer for å kunne tappe kontoen for pengar, eller
- dei kan vere ute etter å stele identiteten til personar som måtte gje ut slik informasjon om seg sjølv
Lotteritilsynet åtvarar no folk mot å svare på denne typen e-post og/eller brev. Dersom nokon likevel ønskjer å kontakte selskapa bak slike meldingar, bør ein merke seg følgjande:
- hugs at du aldri kan vinne i eit lotteri som du ikkje har delteke i
- godkjende lotteri krev aldri at vinnarar må betale noko som helst for å få ut gevinsten
- gje aldri opp personnummer, konto- eller kortnummer
- betal aldri pengar til desse selskapa
- opprett gjerne ein eigen e-post konto for slike kontaktar
Denne nettsida innheld ei liste over selskap/lotteri som driv med denne typen svindel. Ver likevel merksam på at desse listene fort blir utdaterte fordi selskapa/lotteria ofte skifter namn.
Meir informasjon om dette kan óg finnast på:
- Økokrim si nettside , eller på Forbrukarombodet si nettside.