Stiftelsestilsynet har 2. juni godkjent søknad om deling av stiftelsen Kristiansand kommunes Energiverkstiftelse - til dagleg gjerne kalla Cultiva.
Vedtaket inneber ei godkjenning av at Cultiva skiljer ut 350 millionar kroner til ein ny stiftelse (under oppretting). Den nye stiftelsen vil ha same formål som Cultiva, å sikre arbeidsplassar og gode levevilkår i Kristiansand, men formålet skal oppfyllast ved å gi støtte til store kulturanlegg i Kristiansand.
Saksgangen vidare er at Stiftelsestilsynet no vil kunngjere delingsvedtaket, med ein 2-månaders frist for kreditorane til å komme med innsigelsar mot delinga. Etter kunngjeringsfristens utløp skal stiftelsen stadfeste overfor Stiftelsestilsynet at forholdet til kreditorane ikkje er til hinder for gjennomføring av delinga. Stiftelsestilsynet vil då registrere delinga i Stiftelsesregisteret. Delinga vil først tre i kraft frå registreringstidspunktet.
Vedtaket kan lastast ned her.