Lotteritilsynet samarbeidar med Sykehuset Innlandet HF Sanderud om drifta av Hjelpelinja for speleavhengige. Samtalestatistikken for 2009 viser stabile trafikktal samanlikna med året før. I 2009 vart det registrert 944 seriøse samtalar, tilsvarande tal for 2008 var 985.
Internettpoker er det mest omtalte pengespelet på hjelpelinja også i 2009. men talet på samtalar er redusert med 24 %. I 2009 vart poker som hovudproblemspel registrert i 164 samtalar. I 2008 og i 2007 var dette talet høvesvis 217 og 196.
Største auken i samtalar er det for bingoautomatar som hovudproblemspel, med ei dobling gjennom 2009. I førstegongs-samtalar er bingoautomatar nemnt som hovudproblem i 80 samtalar i 2009, mot 40 samtalar året før. Her er det verdt å merke seg at bingoautomatane skal fjernast frå lotterimarknaden frå 1. april 2010.
Hestespel og spel på nettkasino har også hatt forholdsvis stor auke i talet på samtaler. Her er talet samtaler i 2009 høvesvis 61 og 56. Tilsvarande tal i 2008 var 39 og 40. Samtalar om oddsspel er stabilt og utgjorde 66 samtalar både i 2009 og 2008.
81 % av dei som ringde eller vart omtalt ved hjelpelinja om pengespelproblem i 2009 er menn. Snittalderen for menn er nær 35 år. For kvinner nær 45 år.
Hjelpelinja mottar også samtalar om spel som ikkje er pengespel. Mange av samtalene handlar om rollespelet World of Warcraft. 153 samtaler handlar utelukkande om spel som ikkje direkte er pengespel. I 2008 var tilsvarande tal 157.
Her er heile samtalestatistikken for 2009.