Gå direkte til innhald Topp/Logo Lotteri- og stiftelsestilsynet Tilbake til startside - Lotteri og Stiftelsestilsynet
Tilbake til startsida


vannmerke
Naustdalsvegen 5
Postboks 800, 6805 Førde
Tlf. 57 82 80 00 Fax: 57 82 80 80
postmottak@lottstift.no
Redaktør: Rune Timberlid

Login tilsette
her startar innhaldet
Misjonering er ikkje humanitær verksemd
Misjonsarbeid kan ikkje reknast som humanitær verksemd i lotterisamanheng. Det slår klageorganet Lotterinemnda fast etter at Kristiansand Frikirke hadde klaga på eit vedtak i Lotteritilsynet. 

Kristiansand Frikirke søkte Lotteritilsynet om å få endre lotteriløyvet sitt. I dag skal lotterioverskotet øyremerkast aktivitet blant barn og unge under 18 år. I staden søkte Kristiansand Frikirke om å få bruke lotteriinntektene sine til humanitær verksemd i utlandet, og klaga på vedtaket då dei fekk avslag på søknaden.

Lotterinemnda gir ikkje klagaren medhald. Det blir vist til at den omsøkte måten å bruke lotteriinntekter på ville vere å bruke dei i strid med regelverket. Dessutan er Lotterinemnda samd med tilsynet i at det er lang praksis for ikkje å rekne misjonsarbeid som humanitær verksemd i lotterisamanheng.

Les vedtaket her.


Ledige stillingar
i Stiftelsestilsynet:

To faste stillingar,
og eitt engasjement,
som førstekonsulent/rådgjevar
ledig for juristar

fullstendig utlysingtekst

Søknadsfrist: 6. sept. 2010





 Bokmål     News in english       Søk